Aprikos
I ein del av frukthagen står det nokre tre som kan likne litt på plommetre. Det er likevel aprikostre det er snakk om! Det høyres kanskje eksotisk ut, og om det er altfor eksotisk for vestlandet sitt klima held me på å finne ut av.
Vidareutvikling har alltid vore viktig på Midt-Ljøsne. Dei siste åra har me vore ein del av eit nytt forsøksprosjekt i Lærdal: Aprikos. Aprikos og moreller har mange fellestrekk når det kjem til produksjon, så det var ein naturleg start når nye kulturar skulle prøvast ut.
Me har god grunn til å vere optimistiske. Mange aprikostypar er tøffe nok til å takle mykje kulde, men treng mykje varme og lite nedbør for å få frukt om sommaren. Denne beskrivelsen passar eigentleg perfekt til klimaet i Lærdal, sjølv om trea eigentleg kjem frå Sentral-Asia og Kina.
Fordelen med fleire frukttypar er mange; men fleire bein å stå på om det skulle skje noko er kanskje det viktigaste. Aprikos er også mogen litt seinare enn morella, ved å forlenge haustesesongen kan me tilsette fleire og gi ei meir kostnadseffektiv drift.
Det er fortsatt litt tidleg å sei om Lærdalsklimaet kan by på store og saftige aprikosar, men me har trua og gler oss til å sjå om det blir frukt til slutt. Det er risikofylt med prøveprosjekt, men spanande er det!