Det er ikkje berre oss mennesker som er glad i morellar, det er også fuglar. Og alle som har hatt eit morelltre i hagen kjenner seg nok igjen i at trosten stikker av med avlinga om ho får sjansen. For å unngå dette er løysinga igjen å dekke hagen, med fuglenot.
Me spesialbestiller inn fuglenot, slik at me får ei not som passer vår hage. Og nota er like stor som hagen. Så ei bærnot kan bli ganske stor.
Man skulle kanskje ikkje tru det, men til tross for at ei not er mest hol. Er det fortsatt veldig mykje vindfang i ein slik not. Så kvar sumar må ho leggast på, og etter sesongen må ho av igjen. Når ei not på 100x60m skal leggast på, 3 meter over bakken, så er det alle mann til pumpene.
Heldigvis har også her teknologien tatt oss igjen. Og det er berre på det gamle trestrengsystemet, at heile hagen må dekkes. På Voen- og Tunell-systema, så er fuglesikring ”innebygd”.