Moreller frå Lærdal blir ekstra gode takka vere lang vekstsesong med mykje lys og rikeleg med vatn frå elva.
Lærdal er ein djup dal omringa av høge fjell. Dei høge fjella stenger regnet ute og fangar inne varmen. Slik mognas morellene frå Lærdal med lange lyse dagar som gir store, saftige og ekstra søte frukter.
Stor produksjon
I ein hektisk månad, som regel mellom 20. juli og 20. august, blir det hausta mykje moreller i Lærdal. Faktisk står Lærdalsbøndene for cirka halvparten av all morelleproduksjonen i Noreg.
Kvalitet og smak
Det norske landbruket har blandt verdast strengaste reglar. Det er ei av grunnane til at du trygt kan ete moreller frå oss.
Moreller smakar best når dei har fått ein djup mørkeraud farge og bør nytast romtemperert.
også godt til...
Vil du spare dei kan du sette dei i kjøleskåpet. Dessutan kan du nytte dei til å lage mykje gode desserter og kaker, men ver klar over at moreller gir frå seg mykje væske ved oppvarming!
Moreller tåler også å bli frosen,men vil då få ein litt vassen konsistens og endrar seg litt på smak.
Lærdal er ein djup dal omringa av høge fjell. Dei høge fjella stenger ute regnet og fangar inne varmen. På den måten modnas morellene frå lærdal under lange lyse dagar som gir store, saftige og ekstra søte frukter.